Verdenslansering av “The Law of Possibilities, men hvordan………?

Ukas NFFOer
Anne-Mette Røsting –

Skrevet av June Witzø.

 

Då forfattaren av Mulighetsloven bestemde seg for å svare høfleg på ein epost ho først trudde var spam, opna det seg ein ny, global marknad for boka frå 2008.

«Hvordan få det du virkelig ønsker deg?» står det på omslaget til Mulighetsloven, som Anne-Mette Røsting ga ut på Gyldendal i 2008. Ti år og omlag 10 000 selde eksemplar seinare var det all grunn til å tru at boka hadde nådd sitt publikum og at prosjektet var avslutta. Men slik gjekk det ikkje. Denne veka vart boka lansert internasjonalt av Sage Publishing, spesielt retta mot forretnings- og entreprenørskapsmiljø. Den blir dermed tilgjegeleg i engelsk versjon via Amazone, Flipkart, Infibeam, Goodreads, Barnes and Nobles, Google Play Store, på flyplassar og så vidare. Det får ein tru meir enn oppfyller kva norske forfattarar vanlegvis ønskjer seg!

– Det som no skjer, står uvanleg godt til bodskapen i boka, får ein seie. Kva hende?
– Historia starta med seks linjer på LinkedIN-profilen min som presenterte Mulighetsloven på engelsk. Eg fekk ein epost frå ein inder som kalla seg Kapil. Eg trudde først det var spam. Likevel bestemde eg meg for å svare høfleg, og det resulterte i eventyret eg no opplever. Kapil viste seg å vere ein seriøs agent som løfta meg vidare til Sage Publishing i New Dehli, ei avdeling av eit av dei største akademiske forlaga i verda. Sage takka ja til manuset, først med ønske om lansering i India, men kom seinare tilbake og ville ha rettane for heile verda.
Eg brukte erfaringane mine frå næringslivet då eg gjekk inn i forhandlingar, men NFFO har gitt meg uvurderlig hjelp som eg er svært takksam for. Eg gløymer aldri det Roar (Red.merk.: Roar Svartberg, administrasjonssjef i NFFO) sa etter ein månad med forhandlingar fram og tilbake: «Anne-Mette, du har fått dette lenger enn eg nokon gong trodde var mogeleg. No ville eg ha skrive under.»
Det høyrer med til historia at boka var ferdig omsett til engelsk av ein ivrig lesar som ville at hans amerikanske kone skulle få lese boka som hadde gjort så stor forskjell i hans eige liv. Det gav meg ein draum om å få lansert boka internasjonalt, men på grunn av fleire «smale» år i livet mitt har det blitt usett. Det er eg takksam og glad for no. Alle tilbakemeldingane eg har fått, viser at boka har betydd mykje for mange. Eg trur at dette er rett tid for vidare lansering, at bodskapen kan nå mykje lengre no. Dette er noko eg verkeleg brenn for!

– Kort forklart; kva går «mulighetsloven» ut på?
– Mulighetsloven har tre trinn: 1. Sett opp ein draum. 2. Auk svingingane, altså tru at det er mogeleg. 3. Tillat at det skjer. Eg kan love deg at det som vil utfordre deg mest er det siste, sidan tillit først oppstår når ein legg vekk tvilen. Boka er også tredelt. I tillegg til å beskrive loven, skriv eg om verktøy for handling og historier til inspirasjon, både om meg sjølv og andre.

– Det startar altså med at ein set seg eit mål, og slik var det kanskje også då forhandlingane med Sage starta, og du fekk råd frå NFFO. Kor mykje betyr folka ein har rundt seg for kva ein tenkjer at det er rimeleg å ønske seg – og mogeleg å oppnå?
– Det betyr mykje. Omgi deg med menneske som trur på deg og heiar på deg. Menneske som gjer deg godt og vil deg vel er gull, og saman kan de kan vekse til noko mykje større enn du ville klart alene. Positiv energi gir gode resultat. Eg vil nesten gå så langt at eg tilrår å gå videre frå menneske som er negative, snakkar deg ned eller kritiserer deg. For den som er negativ snakkar eigentleg til seg sjølv. Det er alltid ei reise å bli den beste utgåva av seg sjølv. Den reisa har mi eiga livserfaring vist går innover, ikkje utover. Likt tiltrekkjer likt. Mennesket er født fritt, du har fri vilje og kan sjølv velje kva du vil tru på, ved å kjenne etter kva som er rett for deg.

– Alle som har drive med idrett – eller berre har sett «Mesternes mester» på NRK, som meg – veit at det mentale er avgjerande for kva ein presterer. Men kan sterke oppfordringar til å tenkje positivt også få folk til å fortrenge vonde kjensler som dei burde ta innover seg og oversjå problem dei hadde trengt å gjere noko med?
– For meg er spørsmålet veldig samansett, så eg treng å svare frå ulike vinklar. Idrettsutøvarar brukar heilt klart positiv tenking til å skape resultat. Men idrettsutøvarar lever i miljø som skaper vinnarar og taparar, slik vi kommuniserer i vårt samfunn, som igjen kan føre til store ego som berre har seg sjølv i sentrum. Det trur eg ikkje er sunt. Vi er éi menneskeslekt, kor vi alle har utfordringar vi treng å gjere noko med, også idrettsutøvarar.
Eg har sjølv coacha toppidrettsutøvarar i å ta i bruk både tanker og kjensler for å prestere, med gode resultat. Hjernen vår er eigentleg «dum», den klarer berre å halde éit bilde og éin tanke om gongen. Du kan til dømes ikkje vere både blid og sur samtidig. Så svaret kan være veldig enkelt: «Fake it until you make it.» Men eg går eit steg vidare og legg til at du også skal ta imot det du kjenner på. Det er ein viktig del av den du er. Nettopp fordi vi trur at vi skal kvitte oss med det som gjer vondt i livet, skaper vi frykt i staden. Og når frykta veks, kan det gjere ordentleg vondt. I dette landskapet oppstår ofte mangel på sjølvtillit og sjølvkjensle, utbrentheit og mykje anna.
Mitt beste råd er: Sei «Ja, takk» til alle kjensler, og du får ein ny kvardag! Her har vi alt for lite openheit i vårt samfunn. Vi har alle noko vi treng å gjere noko med.

– I boka di kommenterer du ein stad: «hva nå som måtte være sunt med skepsis». Dette er kanskje eit litt hårsårt spørsmål frå ein person med bakgrunn i litteraturkritikken, men: Ser du ingen verdi i skepsis og kritisk tenking?
– For meg er ord energi. Dei orda du brukar, seier noko om ditt indre landskap, som igjen speilar din måte å tenkje og leve på. For meg signaliserer skepsis ein negativ energi. I mi verd skal vi ikkje «bekjempe» noko som helst, heller ikkje det vi føler. Vi skal ta imot oss sjølve og andre som vi er, og ikkje døme kvarandre. Feil, manglar og skepsis oppstår når vi prøvar å bekjempe kjenslene våre eller endre andre i vårt bilde. Det er ikkje sunt. Den dagen vi skjønar at vi skal ta imot alt akkurat som det er, har vi knekt koden til å leve eit balansert og godt liv. Ingen ting blir borte, vonde kjensler og skepsis skal ikkje forsvinne. Men eg saknar eit samfunn kor vi løftar fram meir av det som er bra og som vi får til, eit samfunn kor vi heiar på kvarandre og ikkje kritiserer kvarandre. For kven eig sanninga?

– No som boka di blir lansert internasjonalt verkar det naturleg å spørje: Kva er ditt neste mål?
– Mitt neste mål, eller draum, som eg likar å kalle det, er å få leve ut visjonen eg har hatt i mange år: Å gjere noko godt for menneske og noko stort for verda. Det som skjer med boka no, gir meg ein sjanse til å realisere det. For eg trur ikkje vi får fred i verda før kvar og ein av oss har funnet inn til vår eiga, indre fred. Det er ei reise og ein jobb som skal gjerast. Mulighetsloven gir inspirasjon, men sjølve jobben må kvar og ein gjere, aleine eller saman med andre. For meg handlar framtida om å skape saman med andre. Eg gler meg til det eg for meg sjølv har døpt til «Mitt gledesfylte eventyrår 2018»! La oss alle ta imot kvardagen og livet akkurat som det er NO!